God stemning, heile året!
Kulturprodusentane har tatt over kulturarrangementa frå og med 02.08.2024.
november
Spødakaféen
Kom for å slå av ein prat, hekla, strikka eller gjera anna handarbeid.
Arrangør: Kulturprodusentane
november
Ungdomsklubben
Sosial møteplass, brettspel, bordtennis, song, musikk og andre aktivitetar. Open kiosk. Gratis matservering. Målgruppe: 13–18 år.
Arrangør: Kulturprodusentane
november
Askepote
Når Askepote nektar å gifta seg med prinsen, begynner alt å rakna i eventyrverda.
Arrangør: Kulturprodusentane og Bygdekinoen
november
Nr. 24
Nr. 24 er filmen Gunnar Sønsteby; den høgast dekorerte borgaren i Noreg.
Arrangør: Kulturprodusentane og Bygdekinoen
november
A Big Band Christmas
Julekonsert med Hjelmeland Storband og Hjelmeland Teater.
Arrangør: Hjelmeland Storband
desember
Spødakaféen
Kom for å slå av ein prat, hekla, strikka eller gjera anna handarbeid.
Arrangør: Kulturprodusentane
desember
Ungdomsklubben
Sosial møteplass, brettspel, bordtennis, song, musikk og andre aktivitetar. Open kiosk. Gratis matservering. Målgruppe: 13–18 år.
Arrangør: Kulturprodusentane
desember
Jul med Astrid Lindgren
Bli med inn i Astrid Lindgrens magiske juleunivers!
Arrangør: Kulturprodusentane og Bygdekinoen
desember
Kinodag
Visninga kl. 19:00 er førebels ikkje fastsett.
Arrangør: Kulturprodusentane og Bygdekinoen
Lokala i Hjelmeland Samfunnshus
Storsalen
Amfiet i Storsalen har plass til 170 personar. Her er det kulturscene med tilhøyrande backstage og garderobe, lys- og lydutstyr, samt prosjektor og lerret. På flatt golv kan det dekkast til ca. 140–150 personar. Storsalen ligg i 2. etasje, og har enkel tilkomst frå parkeringsplassen. Ved utleige av Storsalen er Foajéen alltid inkludert.
Foajéen
I tillegg til å fungera som hovudinngang til Storsalen, kan Foajéen brukast til mindre møte og selskap. Foajéen har enkel tilkomst frå parkeringsplassen. Som standard er Foajéen rigga med 20 sitjeplassar fordelt på tre grupper, men det kan òg dekkast langbord til ca. 18 personar. Lokalet har eigen bardisk.
Intimscenen
For mindre arrangement kan me tilby Intimscenen. Det er plass til ca. 40 personar, anten på stolar og bord til selskap, eller på stolar framfor scenen i samband med kulturarrangement. Lokalet har eigen bardisk. Intimscenen ligg i 1. etasje, og har eigen inngang på bak-/nedsida av Samfunnshuset.
Loftstova
I Loftstova finn du éi stor sofagruppe med fire små kafébord, samt tre spisebord med konferansestolar rundt. Det er mogleg å ommøblera til to langbord eller hestesko med plass til inntil ca. 35 personar. Stor TV-skjerm. Enkelt utstyrt kjøkken i tilknyting til lokalet.