Årsmeldingar
Årsmelding for 2024
Om laget
Kulturprodusentane er eit frivillig lag som har som føremål å skapa og legga til rette for kulturarrangement, aktivitetar og sosiale møteplassar i Hjelmeland kommune og omegn. Laget blei stifta 28. juni 2024.
Kulturprodusentane har ikkje faste tilsette, men betaler symbolske honorar til dei frivillige (medlemmene) som bidrar til å kunna driva laget sine aktivitetar. Honorarsatsen er fastsett av styret. Honoraret til kinovertane og klubbarbeidarane i Ungdomsklubben blir finansierte av tenestekjøpsavtalar med Hjelmeland kommune. Dei andre honorara blir finansierte av inntektene frå aktivitetane våre.
Hausten 2024 har Kulturprodusentane òg hjelpt til med rigging og rydding på Samfunnshuset, og fakturert Hjelmeland Samfunnshus SA for medgåtte timar.
Frå og med 01.10.2024 fekk Kulturprodusentane fast skjenkeløyve på Hjelmeland Samfunnshus, så lenge Kulturprodusentane har leigeavtale med eigar/drivar av Samfunnshuset.
Styret
Stiftingsmøtet valde følgjande styre, som skal fungera til årsmøtet i februar 2025: Ole Henrik Olsen (styreleiar), Morten Hetland, Edel Tjentland Gausland og Mette Katrine Bjørk Ingvaldstad. Styremedlemmene har ikkje fått utbetalt honorar for styrevervet.
Styret har i 2024 hatt 1 styremøte og behandla 7 saker, som i all hovudsak handla om å drøfta og svara på spørsmål frå Hjelmeland kommune i samband med omstruktureringa av drifta på Samfunnshuset. Elles har styret gjort nødvendige avklaringar på Messenger i løpet av hausten.
Rekneskapen for 2024 blir gjort opp med eit førebels resultat på kr 57.454,28. Dette resultatet vil bli noko svekka når me får faktura frå Hjelmeland kommune på skjenkegebyr for 2024, sidan denne kostnaden må periodiserast til rekneskapen for 2024.
Driftsstøtte
Hausten 2024 har me drive Ungdomsklubben og Bygdekinoen på vegner av Hjelmeland Samfunnshus SA, og overtok dermed kommunal driftsstøtte på totalt kr 30.000 som var utbetalt til desse tiltaka.
Sponsorar
Frå og med 01.08.2024 overtok Kulturprodusentane sponsoravtalane som Hjelmeland Samfunnshus SA hadde med Hjelmeland Sparebank og Tytlandsvik Aqua AS som B-sponsorar, og PG Installasjon AS og Hetland Media som C-sponsorar. Dei tre førstnemnde sponsoravtalane er knytta til økonomiske vederlag, medan avtalen med Hetland Media handlar om å levera tenester innan medier og kommunikasjon. Sponsoravtalane gjeld frå august 2024 til juli 2025, og desse inntektene er periodiserte i rekneskapen for å gje eit rettvist bilete av den økonomiske situasjonen.
Kino
Frå og med august 2024 overtok me ansvaret for drifta av kino på Hjelmeland Samfunnshus, eit tiltak som blei starta opp av Hjelmeland Samfunnshus SA hausten 2017. Me overtok avtalen deira med Bygdekinoen AS om visning av to filmar kvar månad, men grunna sjukdom hjå fast kinomaskinist blei det berre to visningsdagar denne hausten.
I løpet av 2 visningsdagar viste me 5 filmar. I september var det totalt 18 betalande, og i november var det totalt 108 betalande. Kinoen gav eit overskot på kr 8.077,68.
Faste aktivitetar
Hausten 2024 har me arrangert to faste aktivitetar: Ungdomsklubben (13–18 år) og Spødakafé (alle alderstrinn).
Ungdomsklubben blei arrangert 5 fredagskveldar. Besøkstala er svingande, og varierte mellom 13 og 39 deltakarar. Deltakarane ser ut til å vera fornøgde med tilbodet, og set pris på å ha ein uformell møteplass i starten av helga. Ungdomsklubben gav eit overskot på kr 2.840,85.
Det blei arrangert fire Spødakaféar i løpet av hausten. Tone Kristin Laugaland Munthe, Siv Iren Moen Hausken og Gunn Hausken har tatt ansvar for desse kveldane. I oktober besøkte Spødakaféen RySpinn, og fekk omvising i det nye spinneriet der. I Facebook-gruppa til Spødakafé er det 45 medlemmer, men vanlegvis er dei berre 12–15 som samlast om gongen.
Større kulturarrangement
5. oktober arrangerte me konsert med elle melle i Intimscenen på Samfunnshuset. Det var 32 betalande i salen. Takka vera kulturstøtte (underskotsgaranti) frå Hjelmeland kommune, enda konserten med eit underkot på kr 853,16.
27. desember arrangerte me romjulstreff i Storsalen på Samfunnshuset, med levande musikk ved det lokale coverbandet Bråg & Sandråg. Me selde 60 billettar. Takka vera kulturstøtte (underskotsgaranti) frå Hjelmeland kommune, enda romjulstreffet med å gå i balanse, altså eit resultat på kr 0,00.
Styret registrerer at det så langt er overskotet frå sal av alkoholhaldige varer, og ikkje sal av billettar til kulturarrangementet, som gjev overskot i samband med slike kveldar.
Oppsummering
Styret meiner at årsmeldinga og årsrekneskapen gjev eit korrekt bilete av Kulturprodusentane sin aktivitet, finansielle stilling og resultat for hausten 2024.
Kulturprodusentane er framleis eit ferskt og nystifta lag, sjølv om me bygger på mange års erfaring med kulturarrangement på Hjelmeland Samfunnshus. Styret er spent på vegen vidare.
Hjelmeland, 31.12.2024/20.02.2025
Ole Henrik Olsen
styreleiar
Mette Katrine B. Ingvaldstad
styremedlem
Edel T. Gausland
styremedlem
Morten Hetland
styremedlem