Vedtekter

Vedtatt på stiftingsmøtet 28.06.2024

§ 1 Laget sitt namn

Laget sitt namn er Kulturprodusentane, og laget blei stifta 28. juni 2024.

§ 2 Føremål

Laget sitt føremål er å skapa og legga til rette for kulturarrangement, aktivitetar og sosiale møteplassar i Hjelmeland kommune og omegn.

§ 3 Juridisk person

Kulturprodusentane er sjølveigande og ein frittståande juridisk person, med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

§ 4 Medlemmer

Alle som vil bidra aktivt til å oppfylla Kulturprodusentane sitt føremål kan bli tatt opp som personleg medlem.

Alle som støttar føremålet, men som ikkje vil bidra aktivt, kan vera støttemedlem. Støttemedlemmer har ikkje stemmerett, og kan ikkje veljast til tillitsverv.

§ 5 Stemmerett og valbarheit

Alle personlege medlemmer har stemmerett og er valbare til tillitsverv. Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, har ikkje stemmerett eller andre rettar i laget.

§ 6 Kontingent

Kontingenten blir fastsett av årsmøtet og skal betalast for eitt år om gongen.

Medlemmer som skuldar kontingent for meir enn eitt år, kan styret stryka som medlem. Dersom eit medlem blir stroke grunna manglande betaling av kontingent, kan ikkje medlemmen takast opp igjen før skyldig kontingent er betalt.

§ 7 Godtgjering til tillitsvalte

Tillitsvalgde kan motta rimeleg honorar for sitt arbeid, samt refusjon for faktiske utgifter, inkludert tapt arbeidsforteneste. Utgifter til godtgjering og refusjon for faktiske utgifter skal gå fram av budsjett og rekneskap. Retningsliner for godtgjering blir utarbeidde av styret.

§ 8 Årsmøte

Årsmøtet er Kulturprodusentane sitt høgaste organ, og skal haldast innan utgangen av mars annakvart år.

Årsmøtet blir kalla inn av styret minst fire veker før årsmøtedatoen, direkte til medlemmene og/eller ved kunngjering i sosiale medier, på eigen nettstad eller i lokalavisa.

Forslag som skal behandlast på årsmøtet skal vera sendt til styret seinast to veker før årsmøtet.

Fullstendig saksliste med tilhøyrande saksdokument må vera tilgjengeleg for medlemmene seinast éi veke før årsmøtet.

Alle medlemmer har tilgang til årsmøtet. Årsmøtet kan invitera andre personar og/eller media til å vera til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for medlemmer.

Årsmøtet er vedtaksført med det talet på røysteføre medlemmer som møter. Ingen har meir enn éi stemme, og røysting kan ikkje skje ved fullmakt.

Årsmøtet kan ikkje behandla forslag om vedtektsendring som ikkje er oppført på sakslista. Andre saker kan behandlast og avgjerast når 2/3 av dei frammøtte medlemmene krev det. Slik avgjerd kan berre takast i samband med godkjenning av sakslista.

§ 9 Leiing av årsmøtet 

Årsmøtet blir leia av ein valt møteleiar. Møteleiaren treng ikkje vera medlem.

§ 10 Røysting på årsmøtet

Så lenge det ikkje er bestemt noko anna, skal eit vedtak ha fått vanleg fleirtal av dei gjevne stemmene for å vera gyldig. Ved stemmelikskap er møteleiaren sin stemme avgjerande, så lenge møteleiaren er valt blant medlemmene.

I sak 4–8 kan det gjennomførast skriftleg avstemming, dersom minst eitt av medlemmene krev det.

§ 11 Årsmøtets oppgaver

Årsmøtet skal:

  1. Godkjenna kven som har stemmerett.
  2. Godkjenna innkalling, sakliste og møtereglane.
  3. Velja møteleiar, møteskrivar og to representantar til å skriva under protokollen.
  4. Behandla årsmelding.
  5. Behandla rekneskap.
  6. Behandla innkomne forslag.
  7. Fastsetja medlemskontingent.
  8. Velja
    1. Leiar (for to år om gongen)
    2. Styremedlemmer (for to år om gongen)

§ 12 Ekstraordinært årsmøte

Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret vedtek det, eller minst 1/3 av dei røysteføre medlemmene krev det.

Det blir kalla inn på same måte som for ordinært årsmøte.

Ekstraordinært årsmøte kan berre behandla og gjera vedtak i sakene som er kunngjort i innkallinga.

§ 13 Styret

Kulturprodusentane blir leia, drifta og forplikta av eit styre på minst tre personar. Styret er Kulturprodusentane sitt høgaste organ mellom årsmøta.

Styret skal:

  1. Setja i verk årsmøtet sine vedtak og avgjerder.
  2. Ved behov oppnemna komitéar/utval/personar for spesielle oppgaver, samt utarbeida instruks for desse.
  3. Administrera og ha naudsynt kontroll med Kulturprodusentane sin økonomi i samsvar med dei instruksane og vedtektene som gjeld til ei kvar tid.
  4. Representera Kulturprodusentane utetter.

Styret skal halda møte når leiaren krev det, eller eit fleirtal av styremedlemmene forlangar det.

Styret er vedtaksført når eit fleirtal av medlemmene er til stades. Vedtak vert gjort med fleirtal av dei avgjevne stemmene. Ved stemmelikskap er møteleiaren sin stemme avgjerande.

Signaturrett blir gitt til styreleiar og eitt styremedlem i fellesskap.

§ 14 Vedtektsendring

Endringar i desse vedtektene kan berre gjerast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore på sakslista, og ein krev ⅔ fleirtal av dei avgjevne stemmene.

§ 15 Oppløysning

Oppløysing av Kulturprodusentane skal vedtakast av ordinært eller ekstraordinært årsmøte, og krev ⅔ fleirtal av dei avgjevne stemmene.

Kulturprodusentane sine gjenverande midlar etter oppløysinga skal fordelast til almennyttige føremål, primært til føremål som er knytta til Kulturprodusentane sitt føremål. Årsmøtet skal godkjenna fordeling av midlane.

Samanslutning med andre foreiningar er ikkje å sjå på som ei oppløysing av Kulturprodusentane.

Vedtak om samanslutting og naudsynte vedtektsendringar i samband med dette skal treffast i samsvar med § 14 om vedtektsendring.

keyboard_arrow_up