Etiske retningslinjer

Hjelmeland Samfunnshus SA ynskjer å skapa eit inkluderande, aktivt og levande samfunnshus, som bidrar positivt i lokalsamfunnet. Dei etiske retningslinjene våre gjeld for både styret, tilsette og frivillige:

  1. Etisk grunnprinsipp: Me skal vera ansvarlege, lovlydige, upartiske, uavhengige, inkluderande og medmenneskelege i alle delar av verksemda.
  2. Deltaking i lokalsamfunnet: Me skal bidra til å byggja fellesskap i lokalsamfunnet gjennom å arrangera og leggja til rette for aktivitetar og kulturarrangement.
  3. Ansvar og effektivitet: Me skal syta for at verksemda blir driven i samsvar med føremålet, og sikra effektivitet ved å samarbeida med lokale partnarar og andre organisasjonar.
  4. Tryggleik: Me skal sikra eit trygt miljø og sikre rammer for alle som deltar i organisasjonen sine aktivitetar, inkludert forbod mot seksuell utnytting og bruk av rusmiddel.
  5. Respekt: Me skal behandla alle med respekt, fremja mangfald og likskap, samt unngå handlingar som kan oppfattast som mobbing, trakassering, misbruk, diskriminering eller utnytting.
  6. Personleg integritet: Me skal utføra alt arbeid med personleg integritet og ærlegheit, utan å utnytta verksemda med uærlege hensikter eller korrupte praksisar.
  7. Økonomisk ansvar: Me skal ha ei ansvarleg forvalting av eigedom, eigendelar og økonomiske midlar, oppretthalda tillit, og vera gjennomsiktige i økonomisk styring og rapportering.
  8. Openheit og innsyn: Me skal vera opne og ærlege om verksemda sine strukturar, mål og aktivitetar, samt sikra offentlegheita tilgang til nødvendig informasjon.
  9. Nøyaktig informasjon: Me skal vera nøyaktige og presise i presentasjon og tolking av data og informasjon, særleg i offentleg kommunikasjon.
  10. Etiske innkjøp: Me skal handla i tråd med organisasjonen sine interesser når det gjeld innkjøp og leverandørar, samt unngå interessekonfliktar.
keyboard_arrow_up